Verkstader

I Verkstad da Vinci får alle elevane på 5. trinn oppleve ein kunstverkstad i løpet av skuleåret.

Det er viktig for oss at elevane får best mogleg utbyte av denne dagen der dei møter kunstnarane. I Verkstad da Vinci får dei møte ikkje berre ein, men to profesjonelle kunstnarar. Desse arbeider med heilt ulike teknikkar, og jobbar i lag for å skape nye kunstuttrykk.

Haust 2024

Verkstad: Akademiet for superkrefter!

  • Hilde Rosenberg Bamarni arbeider som bildekunstnar, hovudsakleg som grafikar og ho kombinerer silketrykk med maleri og teikning på treplater, lerret, plexiglass, samt på papir.

    Bildeuttrykket startar med fotografi som ho tek på sine reiser, og av modellar. Bamarni tek med seg utsnitt frå mange ulike settingar og skapar scener og samansetningar av inntrykk, tankar, minner og draumar. Gjennom manipulasjon og bearbeiding av ei fotografisk sanning, framkallar ho sine historier og minneforteljingar i kunstverka sine. Desse er uttrykk for hennar opplevingar, tankar og kjensler rundt det å være menneske og vår relasjon til omverda. Bamarni sin fargebruk og grafiske uttrykk minner om pop art og populærkulturen.

  • Eldrid Schrøder Kvalvik jobbar som regissør, dramatikar og teaterpedagog. Ho er særleg interessert i prosjekt som blandar etablerte og uetablerte utøvarar og den synergieffekten som oppstår i dette møtet.

    Eldrid arbeidar ofte med andre kunstarter som lyd, rørsle og visuell kunst. Dei siste åra har ho mellom annet hatt regi på Play Alter Native (musikal ved Ålesund VGS.), Giskespelet 2019, Hair 2020 (musikal ved Molde VGS) KANON (performance/Høstscena) og Skumringstimen (Teatret Vårt).

I verkstaden «Akademiet for superkrefter» får elevane vere deltakarar i eit fiksjonsunivers gjennom leik, rolleutforsking og visuelle uttrykk. Dei får lære teknikkar innan både drama og silketrykk av agentane Professor Trykk og Professor Futt.

I forkant av verkstaden får klassen tilsendt ein kort presentasjon frå kunstnarane og til og med kanskje eit viktig oppdrag!

Vår 2025

Verkstad: Stopp, flytt - skap noko nytt!

  • Elin Grimstad er animatør, forfattar og musikar med fleire utgjevingar bak seg.

    Elin studerte animasjon ved Bath Spa University og på Norsk Barnebokinstitutt. Ho har drive sitt eige glasbord animasjonsstudio; Grimfilm i Oslo sidan 2004. Ho har òg bakgrunn som musikar, og har medverka på fleire album. No bur ho og har sitt virke på øya Giske.

    Filmen Evige Jaktmarker vann Gullduen for beste animerte kortfilm under Leipzig Dok International Filmfestival i 2016. Bildeboka Månen som ville lyse som ei sol (Samlaget), kom ut i India på tre indiske språk.

    Elin har jobba med animasjonsfilm i møte med scene og figurteater, med erfaring frå både tekstarbeid og illustrasjon/ animasjon for scenekunst og musikk. Dei siste åra har ho blant anna samarbeida med Oslo Nye Teater.

    Ho har også vore med i teaterframsyningar som utøvar og musikar, og har turnert i 15 år i Den kulturelle skulesekken over heile landet. Også med eiga framsyning Universet, eit musikkspel med animasjonsfilm.

    I tillegg til eigen produksjon har Elin brei erfaring med kursverksemd og formidling for barn og unge. For tida jobbar Elin med prosjektet «Regndropelandet», kommande bildebok og modellteater framsyning.

  • Ilona er utdanna arkitekt og har mastergrad i pedagogikk. Ho held til i Kragerø og arbeider med papirskulpturar, dukkedesign og figurteater. Ilona elskar pop-up og ideen om å bruke eit vanleg daglegdags materiale og gjere det om til noko ekstraordinært. I Ilona sitt Papirteater blir ei bok forvandla til ei teaterscene takka vere pop-up-teknikken. Historier blir fortald med papirdukker.

    Ilona har hatt oppdrag for DKS i Porsgrunn og Tønsberg. I Kragerø har ho hatt oppdrag for skuler i 10 år. Frå 2020 har Ilona laga tre ulike opplegg som Pop-up teaterlaboratorium. Kvar av dei inneheld ei førestilling og ein verkstad. Rødhette og Gullfisk blei vist til alle 2.klassingar i Kragerø.

    Ilona har rik arbeidserfaring som er alt frå dukkemakar for Latvisk statsdukketeater til å halde teaterkurs på OsloMet.

I verkstaden «Stopp, flytt - skap noko nytt!” får elevane utforske animasjonsteater og figurteater i kombinasjon. Elevane får prøve seg på å vere figurmakarar, animatørar og figurspelarar - alt på ein og same dag. Dette skal så kombinerast på slutten av dagen. Eit av måla er å oppdage nye teknikkar innan forteljarkunsten.

Barn lever store delar av sin verkelegheit på ein skjerm. Å bevisstgjere korleis her og no møter det som er fast på skjermen, vil vere interessant å tenke over.

Kunstnarane ønsker å oppnå at elevane skal få ei forståing av korleis film kan manipulere verkelegheita.

Lærarkurs

Verkstad da Vinci skal kurse lærarane på 5. trinn i dei estetiske læringsprosessane som elevane får eit innblikk i på verkstaden.

28.08.24 hadde vi lærarkurs for hausten 2024. Lærarane fekk introduksjon til kva Verkstad da Vinci er, og tips til korleis dei kan bruke for- og etterarbeidet. I tillegg fekk dei lære teknikkar innan både drama og silketrykk. Vi hadde besøk av positive og lærevillige lærarar som gleder seg til å komme på verkstad med elevane sine.

Her finn du ei oversikt over verkstadene vi har hatt så langt