Tidlegare verkstader

Vi har testa mange ulike verkstader i pilotfasen saman med kunstnarar frå heile landet. Frå hausten 2023 har vi holdt til i Da Vinci-rommet i Torghallen i Ålesund sentrum.

Sjå lenger nede kva elevane har lært!

Vår 2024

Verkstad: Høyr, ta, reis – ei reise gjennom keramikk og musikk

  • Kristian fra Ålesund, bosatt i Oslo og er komponist og musikar som arbeidar med ny musikk, elektronisk- og improvisasjonsmusikk. Han jobbar med notasjon, el-gitar, feltopptak, klangar frå naturen, flerkanalslyd, programmering og sampling.

    Kristian arbeidar ofte tverrkunstnarisk med kunstnarar innan biletkunst, koreografi, dans og film. Han har sin bakgrunn frå Norges Musikkhøgskole (MA), University of Surrey (MA), Berklee College of Music (BA) og musikklinja på Fagerlia vgs. Lokalt har han skrive musikk for og samarbeida med bl.a. Ålesund Strykekvartett, Stian Omenås og komponert musikk for Fagerlia vgs. sitt 150-års jubileum.

    Han har jobba med musikarar og kunstnarar som Audrey Riley (UK), Pauline Oliveros (USA), Maja Ratkje, Christian Wolff (USA), Kjartan Kristiansen, Katiana Pena (BR), Maria Sundby og Anderson Carvalho (NL).

    kristianskaarbrevik.com

  • Lissette Escobar er født og oppvokst i Lima, Peru. Ho flytta til Noreg i 2007 og arbidar i dag i Ålesund-området. Gjennom keramiske gjenstandar og skulpturar utforskar ho forestillinger om tilhørighet og kulturelle forbindelser. Ofte inspirert av keramiske gjenstandar og pre-Inka arkeologiske funn fra Peru.

    Escobar er utdanna med BA (2013) og MA (2016) frå Kunsthøgskolen i Oslo (KHIO). Ho har deltatt på ei rekke gruppeutstillinger ved Galleri Ram, Kunstnerforbundet, Oslo, Patrick Parrish, New York, Tou, Stavanger. Og har hatt solo utstillingar ved Kraft, Bergen, Galleri Format og Norske Billedhoggerforening, Oslo. Ho har blitt tildelt ei rekke stipend, i 2018 fekk hun diverse-stipend for nyutdanna kunstnarar frå Kulturrådet (2018-2020).

    lissetteescobar.com

I denne verkstaden fekk elevane arbeide med leire, tekst og musikk ein heil dag! 5. klassingane blei med på ei reise i ulike kunstnariske teknikkar, satt saman til nye uttrykk. Kunstnarane ønskte å skape og formidle ei oppleving gjennom erfaring, utforsking og leik. Lissette og Kristian viste korleis ting som ikkje høyrer saman kunne høyre saman likevel. Bakgrunnen til kunstnarane har gjort dei undrande og nysgjerrige på å utforske sansane, det taktile og å lytte.

Haust 2023

Verkstad: Rastlaus stillheit – ein uvanleg duett

  • Tonje er ein rørslekunstnar frå Ålesund. Ho uttrykk seg gjennom kroppen. Med fleire år som profesjonell utøvande dansekunstnar har ho fått uttrykt seg i mange sjangrar på fleire scener, i forskjellige land med forskjellige kulturar. Alt frå ei sirkusframsyning i ei sandkasse til ein Opera i DNO&B. Det som interesserar ho er å leike med forskjellige stilar, uttrykk og rørslemateriale. Ho er medskapande utøvar på dei fleste prosjekt ho er involvert i, og har koreografert for både profesjonelle og amatørar.

    tonjeaasmolnes.com

  • Silvia er ein figurativ kunstnar som er utdanna i den russiske skolen av klassisk maleri i Firenze. Fokuset hennes er komposisjonar med figurar og landskap. Med ein levende fantasi utvikler ho sentimentale maleri, som minner om ein del av ei historie eller eit eventyr. Hennes maleri viser uuttalte kjensler mellom penselstrøka, og øyeblikk som er usynlig for dei fleste, men som viser menneskets indre verden. Blant anna er ho ein lidenskapeleg landskapsmaler, og jobber med plein air malerier i Ålesundsområdet.

    silviailona.com

I denne verkstaden fekk elevane først sjå dei profesjonelle kunstnarane i aksjon. Tonje dansa og Silvia fanga opp rørslene gjennom skisser på papir og lerret. Elevane blei så delt inn i to grupper der eine blei vist metodar for å danse/bevege seg, og den andre fekk teikne og lage skisser. Deretter blei det laga koreografi utifrå skissene. Dei avslutta med eit gruppearbeid der dei mala rørsler i stort format.