Kva er Verkstad da Vinci?

Verkstad da Vinci er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Aggregat Kunstnerfellesskap, som skal styrke den kreative muskelen i skulen.

Kvar verkstad er eit pedagogisk opplegg der elevar og lærarar på 5. trinn får treffe profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter. Elevane kjem på besøk til Verkstad da Vinci sitt eige kulturrom i Torghallen. 

På Verkstad da Vinci får elevane møte kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer - visuell kunst, dans, teater, musikk, performance, skrivekunst, animasjon eller kunsthandverk.

Modellen vi nyttar i Verkstad da Vinci skal ivareta skulen sine behov, læreplanen sine mål, samt kunsten sin eigenverdi. Elevane som tek del i verkstadene arbeider prosessbasert med leik og læring i samhandling.

  • Vår metodikk har djupnelæring som mål, der elevane ser samanhengar i og mellom fag. Denne nyerverva kunnskapen skal dei så bruke vidare i nye situasjonar. Refleksjonen før, under og etter verkstaden, gir betre grobotn for betre læringsstrategiar vidare. Det er i denne samanheng då også arbeid fram for- og etterarbeid knytt til kvar verkstad som skulen kan jobbe med på eigenhand. Pedagogane som er tilsett i VdV samarbeider med dei profesjonelle kunstnarane om utviklinga av dette for- og etterarbeidet som er forankra i desse planverka:

    Ålesund kommune, kommuneplan 2021–2031 (2021)

    Møre og Romsdal fylkeskommune, Regional planstrategi (RPS) 2020–2024 (2020)

    Kunnskapsløftet (2020) 

    FN sine berekraftsmål (2015) 

    FNs konvensjon om barnets rettigheter (1989)  

    Stortingsmeldinga, St. 22 (2022–2023) Kunstnarkår

    Stortingsmeldinga, Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge

    Verkstadane er forankra i dei fleste skulefaga, slik at ein oppnår den tverrfaglege djupnelæringa utdanningsdirektoratet beskriv at skulen skal arbeide for i Kunnskapsløftet 2020.

  • Kreativitet og nyskaping er sjølve drivhjulet i alle innovasjon- og endringsprosessar.

    Vi veit ikkje kva framtid borna går inn i med omsyn til jobb, men veit at det krev stor tilpassingsevne på grunn av raske endringar. Kunstig intelligens, robotar og ein raskt skiftande arbeidsmarknad, er noko av det dei skal forhalda seg til. Heldigvis har det vist seg at kreativitet kan øvast opp og lærast, som ein slags muskel, på lik linje med andre musklar. Den blir raskare og betre dess meir vi trener.

    Det er stor mangel på praktisk undervisning i kreative metodar, og Verkstad da Vinci er pionerar i arbeidet med å løfte statusen og kompetansen til dei kreative faga i skulen.

  • Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Fylke har vore våre viktigaste støttepartnarar heilt frå oppstarten i 2021. Då var det med midlar frå Byen som regional motor og med støtte frå Sparebanken Møre at ein kunne opprette pilotprosjektet som varte frå oktober 2021 og ut 2022. Vi testa 15 ulike verkstader saman med 17 profesjonelle kunstnarar og oppretta gode samarbeid med 3 pilotskular. Fylkeskommunen og Sparebanken Møre har og støtta prosjektet vidare med utviklingsmidlar når det no har gått over til drift.

    Då vi etter kvart såg at dette vart eit særs vellukka prosjekt, som vart tatt godt imot av skulen, innsåg vi at prosjektrommet Mottaket og fellesverkstaden til Aggregat, som hadde vore arenaen vi testa ut verkstadane på, ikkje hadde den kapasiteten vi trong framover. Skulle vi ta imot 800 elevar årleg så kravde det eit eige rom som var tilpassa til å ta imot born på 5. trinn.

    Vi arbeidde for å finne eit egna lokale, og Aggregat søkte midlar frå Stiftinga Kjell Holm til å hyre inn ein arkitekt.
Plutseleg var vi i gong! Med arkitektteikningane som vart utforma kunne Aggregat vidare søke til Norsk kulturråd si tilskotsordning for tverrgåande arenautvikling om å byggje rommet, og fekk tilslag på søknaden.
Tenk at no kunne vi skilte med at Ålesund skulle få eit heilt eige undervisningsrom for estetiske læringsprosessar! 
Vidare vart det søkt til ordninga Kulturrom om tilskot til romakustiske tiltak, og vi kunne gå til innkjøp av scenetepper og dansematter. I forbindelse med Sparebanken Vest sitt arrangement «Barnas dag» sommaren 2023, fekk Aggregat Kunstnerfellesskap ei gåve frå samfunnsutbytte ordninga, desse midla vert brukt til å kjøpe inn teleslynge og legge til rette for universalutforming i rommet.

    For eit fantastisk spleiselag for alle elevane på 5. trinnet i Ålesund kommune!

    Takk til våre støttespelarar:
    Stiftinga Kjell Holm, Norsk Kulturråd, Kulturrom, Sparebanken Vest, Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Kontaktpersonar

Mariann Bjørkavoll Lervåg
Koordinator

+47 92 81 81 15
mariann.bjorkavoll.lervag@alesund.kommune.no

Mariann er allmennlærar med tilleggsutdanning i bl.a. datateknikk, matematikk og engelsk. Ho har jobba i skulen i 27 år, og har vore kulturkontakt i dei fleste av dei. Ho har alltid hatt interesse for kunst og kultur, og er opptatt av å utvikle det heile mennesket. Ho meiner at leik er ein morosam måte å lære på som krev hardt arbeid.

Trine Smoor Isaksen
Prosjektmedarbeidar

+47 92 84 20 83
trine.smoor.isaksen@alesund.kommune.no

Trine har BA i kunst og handverk og har jobba med praktisk estetiske fag i grunnskulen i 10 år. Ho er opptatt av at elevane skal få lære med heile seg, og er spesielt glad i å bruke naturen som klasserom. Ho er også dagleg leiar for Aggregat Kunstnerfellesskap og var prosjektleiar for Verkstad da Vinci i pilotfasen.